Wednesday, January 31, 2007

Vi planlegger hytte





Vi har kjøpt oss hyttetomt på Harpefossen! Kjempefin beliggenhet for ei hytte, berre litt langt for oss å reise dit... Det er like ved der eg kjem frå, så eg er veldig fornøgd.
Men vi vurderer å leige ut hytta vår i periodar, iom at det kjem til å bli begrensa med tid vi får nytta oss av den sjølve. Trur eg må opprette ei eiga side for hytta etterkvart. Er så mykje fint å fortelle om plassen.

Kort om Harpefossen

Harpefossen har eit flott skianlegg med fleire skitrekk, varierte nedfarter og med eit fint lysløypenett. Du kan sjå meir her: www.harpefossen.no

Området er også svært fint elles i året, med flotte fjell, fjellvatn og småelver og det ligg ganske midt i Nordfjorden, og er eit fint utgangspunkt for tur utover mot havet eller innover i fjorden. Det er mykje flott å utforske langs fjorden. Ein kan sjølvsagt også nyte nærmaste delen av fjorden. Det fins gode fiske- og bademuligheter.

Om hytta

Vi skal starte med graving på tomta no til sommaren. Bildet til høgre viser hytta vi tar utgangspunkt i. Vurderer å løfte taket ved spisekroken såpass at vi får større plass også på loftet, og eg syns det vil gjere seg for fasaden med ei ark der. Får sjå kva vi bestemmer oss for etterkvart.








I tillegg skal vi ha parkeringsplass i kjeller under hytta. Trur det vil vere veldig praktisk og greit, spesielt vinterstid. Satser på å ha kjelleren ferdig i løpet av denne sommaren. Gleder meg veldig til å komme igang.











Etter en del tenking og endringar i forhold til opprinnelig fasade sør, er dette slik vi ser for oss denne fasaden no.









Tilhøyrande plantegning. Badet er minska ned til et lite rom med toalett og håndvask (blir bad med dusj i kjelleren). Dette var nødvendig for å få bedre plass til trappa som kjem opp i gangen der. Bruker inngang i kjeller som hovedinngang.
Utbygget på framsida er utvida. Vi får dermed bedre plass for spiseplassen i kjøkkenkroken, og det blir ikkje så trangt å benytte terrassedøra der.






Et oversiktsbilde av tomta:

















Her er bekken i tomtegrensa:


Thursday, January 25, 2007

Vi venter på babyen


Det nærmar seg termin med stormskritt. 24 fullgåtte veker allerede! Og det er 9 veker igjen å jobbe før påskeferien og 2,5 veker etter ferien, så er det tid for permisjon igjen.. Dette går nok fort, ja. Vi gleder oss alle til å hilse på det nye familiemedlemmet, men inntil den tid, skal vi nyte det vi har no.

Den kommande storesøster virkar som ho forstår at det er en baby i magen, og vi snakker om korleis det vil bli, alt vi skal ordne i stand og alt ho kan hjelpe til med. Babyen må få pupp av mamma, og kan få kos av storesøster. Storesøster kan hjelpe til å finne klut når vi skal vaske babyen, og ho kan synge for babyen, og det er mykje anna ho kan hjelpe til med. Ho er veldig med og klar for å ta fatt på sine oppgaver når som helst :) Men for ho er det jo lenge til enda. 3,5- 4 mnd må jo føles som en evighet for ei som ikkje har fylt to enda.

Tuesday, January 23, 2007

Årets første snø


Endelig kom snøen, og vi har fått prøvd rattkjelken. Kjempemorro!!

Snuppa kosa seg veldig.