Tuesday, January 29, 2008

Lillesøster:
Litt sutrete og mammadalt for tida. Framtennene er på veg ut, så vi skuldar på det. Ser ut som det er ganske vondt og ubehagelig for ho. Ellers er ho kjempegod :-) Går langs kanter, tuller med oss, "prater", og liker godt å spise brødskive med smør på - best når den ikkje er delt opp.

Storesøster:
Er blitt så stor og flink. Trivs godt i barnehagen igjen. Ho er ganske sliten på ettermiddagane. Må stå på litt for at ho ikkje skal sovne på veg heim fra barnehagen. For sovner ho, er ho ikkje lett å vekke eller å ha med å gjere etterpå...
Ho er veldig glad i lillesøster, og det er så koselig å sjå på når dei leiker sammen. I dag tidlig gikk det i å kaste ned og plukke opp et lokk :-)

Vi:
Har fått nye-bilen og er veldig fornøgde med den.
Ellers så deler vi fortsatt på permisjonen. Fra februar skal eg jobbe 4 dager og vere heime en dag i veka, og fra mars skal eg jobbe fullt. Pappan skal ha perm. til ca 26. mai. Rekner med å få barnehageplass fra august, så det er nokre veker mellom der. Skal nok få det til. Han har 2 veker ferie fra i fjor. Vi kan forskyve arbeidstida litt slik at en jobber tidlig og den andre seint. Kanskje får vi dagmamma som kan passe minsta litt. Og så har vi årets ferie, som vi tar ut i denne perioden. Håper vi kan ta nokre veker ferie sammen, men vi kan jo evt splitte litt. Får sjå etterkvart korleis vi får det til.

Friday, January 25, 2008

Sov til 05.30 i dag

Kanskje berre flaks, men i dag var klokka nøyaktig 05.30 da minsta våkna og eg såg på klokka. Akkurat grensa for når vi kan stå opp det :-) Virker som vi er på sporet av lang og god nattesøvn no.

Wednesday, January 23, 2008

Soving...

Jobber fortsatt med å strekke natta. Jentene vil tidlig opp....

I dag våkna lisjejenta kl 4.30, og ville gjerne opp. Men det er for tidlig! Ho fekk litt vatn, mens ho satt i senga, eg la ho og sa at vi måtte sove meir, sa "natta" fleire gonger. Kl 5.45 var ho fortsatt våken. Kl 6 sov ho, sjekka klokka då, for storesøster var våken... Fortalte ho at det var natta enda, og ho måtte prøve å sove igjen. kl 06.15 måtte ho tisse, og deretter prøvde ho å sove igjen. Kl 06.30 våkna minstejenta igjen, og vi stod opp, alle sammen. Egentlig en ganske typisk morgen. Legger begge mellom 19.30 og 20.00.

Har satt oss ei grense for når det kan vere morgen. For tida er den kl 05.30.

Nesten sånn vil nye-bilen vår sjå ut


Skal ha mørkare grå.

Monday, January 14, 2008

Har sove heile natta i natt :-)

Dette var første natta som veslesnuppa (8 1/2 mnd) sov heile natta utan å våkne. Ho sov frå kl 19.30 til 04.55, og så stod vi opp (står ofte opp på denne tida). Men ho var visst meir trøtt, så i morgen prøver eg å få ho til å sovne igjen viss ho våkner til samme tid då.

Har tenkt på det i lang tid no, venta på at tida skulle vere inne. Ho var forkjøla no for litt sidan, så eg ville vente til ho var ferdig med den. Etter at ho vart frisk, har eg amma mindre på natta og ho har spist bedre på dagtid. Dei to siste nettene før denne, fekk ho kun vatn når ho våkna på natta, og vips så klarte ho å sove natta igjennom. Håper dette skal fortsette fint no.

Ellers så er ho i full av energi og utforskerlyst for tida. Ho krabbar raskt som berre det, reiser seg opp over alt, ramlar litt og skal sjekke ut alt nytt og spesielt det som storesøster held på med. Står veldig gjerne og "lager mat" på leikekjøkkenet til storesøster. Står ganske stødig ved å støtte seg med ei hand. Skal tru kor tid ho slepper seg. Virker ikkje som det blir fryktelig lenge til.

Eg har 40% permisjon, og er veldig glad for dagane eg har heime enda. Det er ei fin tid.