Wednesday, March 28, 2007

Snart påskeferie!!!

Gler meg til påskeferie no! Skal bli kjekt å vere meir sammen med familien, vere heime litt, pusse opp rommet til Snuppa og ikkje minst å reise heim til familien min på vestlandet en tur! Blir dessverre litt sjelden vi får reist oppover når det er så langt å reise og det er så mykje som skal gjerast heile tida. No planlegger vi også hytte der oppe, så da blir det forhåpentligvis litt ekstra tid der i løpet av sommaren ;-) Eg har jo permisjon i sommar, og så får vi håpe at Arild får lurt seg unna jobben ei stund...

Mimmi skal bli med oss oppover denne gongen. Får håpe veret held seg fint, så ho får sett plassen fra den beste sida. Hadde vore fint med en båttur til foreldra mine si hytte og kanskje fiske litt. Og vi må jo få kikka på hyttetomta vår på Harpen. Ser ut som det er heilt nydelig der oppe om dagen. Til venstre er et bilde fra webkameraet i dag...


Vi skal også hente ny vogn på vegen oppover :-) Det blir ei svart og grå Phil&Teds-vogn.

Wednesday, March 21, 2007

Søskenvogn...





Vi treng ei søskenvogn, for snuppa liker godt å sitte i vogn, og ho kan ikkje gå så veldig lange turer enda. Har kikka på litt forskjellige, men denne fra Phil&Teds er foreløpig favoritten!





Her er eit anna alternativ, OTH. Denne kan brukes også med en bag og en sportsvogndel.

Tuesday, March 13, 2007

Storejenta skal få nytt rom!

I påska skal vi ordne nyerommet til den kommande storesøster :-)

Ser ut til at vi heller mot plater på veggane, plater som ser ut som panel, velger en lys farge (kanskje latte). Så vil vi gjerne ha kvite møbler og kan friske opp med litt rosa gardiner og anna interiør. På golvet skal det bli eikeparket (ikkje dyraste type, sidan det kjem til å bli mykje riper her :-)

Lurer på om ho skal få vanlig stor seng (90x200) eller ei juniorseng som er litt kortare (og dermed tar mindre plass). Er jo ikkje største rommet ho får heller. Syns dei cabin-sengene er så fine og praktiske, men mulig ho er litt lita til å ligge i så høg seng enda, så har ikkje bestemt oss.
Stompa har forresten ei sånn cabin-seng der beina kan tas av. Då kan vi jo bruke den som lav seng i starten og så forlenge beina når vi føler ho er klar for det.

Cabin-seng:











Ei anna fin seng (90x200) fra bohus:




















Ellos har også ei seng som kanskje kan vere aktuell:



















og med slike møbler til: