Monday, January 14, 2008

Har sove heile natta i natt :-)

Dette var første natta som veslesnuppa (8 1/2 mnd) sov heile natta utan å våkne. Ho sov frå kl 19.30 til 04.55, og så stod vi opp (står ofte opp på denne tida). Men ho var visst meir trøtt, så i morgen prøver eg å få ho til å sovne igjen viss ho våkner til samme tid då.

Har tenkt på det i lang tid no, venta på at tida skulle vere inne. Ho var forkjøla no for litt sidan, så eg ville vente til ho var ferdig med den. Etter at ho vart frisk, har eg amma mindre på natta og ho har spist bedre på dagtid. Dei to siste nettene før denne, fekk ho kun vatn når ho våkna på natta, og vips så klarte ho å sove natta igjennom. Håper dette skal fortsette fint no.

Ellers så er ho i full av energi og utforskerlyst for tida. Ho krabbar raskt som berre det, reiser seg opp over alt, ramlar litt og skal sjekke ut alt nytt og spesielt det som storesøster held på med. Står veldig gjerne og "lager mat" på leikekjøkkenet til storesøster. Står ganske stødig ved å støtte seg med ei hand. Skal tru kor tid ho slepper seg. Virker ikkje som det blir fryktelig lenge til.

Eg har 40% permisjon, og er veldig glad for dagane eg har heime enda. Det er ei fin tid.

No comments: